Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg / Nasjonalparkdagene på Geilo

Det blir ein unik og flott konsert når to av våre beste folkemusikare kjem til Geilo kulturkyrkje under Nasjonalparkdagane. Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg er begge frå Gol, og har dei siste åra markert seg sterkt blant dei fremste utøvarne innanfor folkemusikk- og folkedansmiljøet.

page view image
Arrangementsdato

søndag 2 aug 2026 19:00

Slutter søndag 2 aug 2026 20:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

Ordinær
Barn og ungdom u/18 år
Ledsager
Må vise fram godkjent ledsagerbevis ved inngang til arrangementet.
Studenter
Må vise fram godkjent studentbevis ved inngang til arrangementet.
event image

Arrangementsinformasjon

Andrea Søgnen (25) frå Gol er ein av landets fremste langeleikspelarar. Ho er ein ettertrakta musikar, formidlar, dansespelar og den utøvaren som i dag står sterkast forankra i langeleiktradisjonen frå Hallingdal. Ho har ein særeigen spelestil som formidlar langeleikens klangmoglegheiter, groove og strøkbruk. Lyttarar beskriv at ho banar nye vegar innan langeleikspelet og opnar dørar til uoppdaga tonerom.

 
Med røtene godt planta hallingtradisjonen, er Lars Smaaberg med si unike og klangfulle stemme ein viktig berar og formidlar av lokale kvedartradisjonen. Han veks opp på Gol i Hallingdal der han har sitt musikalske utgangspunkt, før han studerte musikk på Raulandsakademiet og historiegrad i Bergen. 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Tags

langeleik
kvedar
song
folkemusikk
nasjonalparkdagene
Organizer
Geilo kulturkyrkje