Sommarkveld i gamlekyrkja // Amelia Gómez Snerte
Amelia Gómez Snerte er ein ung vokalist og komponist frå Hemsedal. Musikken hennar hentar elementar frå både jazz og norsk folkemusikk, med eigenskrive poesi som sentrum.
Informasjon

Frå ho var heilt lita, har Snerte vore å sjå på små og store scener rundt om i Noreg.
Allereie som 16-åring flytta ho til Oslo for å følge ynskjet om å bli musikar.
Der møtte ho kontrabassisten Johannes Elnan, ein musikalsk-joker med ei vesletå innafor det meste, som i ung alder har etablert seg som ein bemerkelsesverdig musikar med ekspressive improvisasjonar og melodisk teft. I nyare tid har dei også studert saman ved Jazz-konservatoriet i Trondheim.
Eit langt venskap kan bli til mykje fin musikk!
Denne sommarkvelden får me høyre fritt og leikent materiale, med tekstar om både det nære, enkle og såre.
Velkomen!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpt billett refunderes ikkje.