page view image

Sommarkveld i gamlekyrkja // Sigrid Moldestad

Ein av Norges fremste artister innen folk, vise- og tradisjonsmusikk.

Information
event image

Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.

Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: “No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”.  Bergens Tidende tok fram bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser” skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”.  Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i  NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire.  Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre.

folkemusikk visemusikk kirkemusikk

Waiver

Kjøpt billett refunderes ikke.