Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg / Nasjonalparkdagene på Geilo
Det blir ein unik og flott konsert når to av våre beste folkemusikare kjem til Geilo kulturkyrkje under Nasjonalparkdagane. Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg er begge frå Gol, og har dei siste åra markert seg sterkt blant dei fremste utøvarne innanfor folkemusikk- og folkedansmiljøet.
Andrea Søgnen (25) frå Gol er ein av landets fremste langeleikspelarar. Ho er ein ettertrakta musikar, formidlar, dansespelar og den utøvaren som i dag står sterkast forankra i langeleiktradisjonen frå Hallingdal. Ho har ein særeigen spelestil som formidlar langeleikens klangmoglegheiter, groove og strøkbruk. Lyttarar beskriv at ho banar nye vegar innan langeleikspelet og opnar dørar til uoppdaga tonerom.
Med røtene godt planta hallingtradisjonen, er Lars Smaaberg med si unike og klangfulle stemme ein viktig berar og formidlar av lokale kvedartradisjonen. Han veks opp på Gol i Hallingdal der han har sitt musikalske utgangspunkt, før han studerte musikk på Raulandsakademiet og historiegrad i Bergen.
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.